Drikkestell for øl i Trøndelag

495 NOK



av Ola Grefstad

 

Bla i boka

 

Bokomtale:

Før i tida vart ølet brygga på gardane – svakt øl til tørstedrikk, sterkare øl til høgtid og fest. I heile Trøndelag var øl frå gammalt av sentralt i samkommer og lag, både ved dei årlege høgtidene og ved merkedagane i livet. Til oppbevaring og frakt, og som drikkekar for øl, var tre det mest vanlege materialet. Drikkestellet for øl er prestisjefylte gjenstandar som oftast har dekorative detaljar i både utforming og overflatedekor.

 

Gjenstandane som blir presenterte i denne boka, er henta frå ei omfattande registrering gjort i Trøndelag i åra 2008–2010. Boka er delt inn i tre hovudkapittel: bryggekar, skjenkekar og drikkekar. Eit eige kapittel er vigd ølbrygginga slik at den kunnskapen òg blir teken vare på. Boka skal vera til inspirasjon blant anna for handverkarar som ønskjer å skapa nye produkt med rot i den gamle kulturen. På same tid er ho ei flott fagbok til nytte og glede for alle som er interessert i øltradisjonane våre.

 

Ola Grefstad er kulturhistoriker og tidlegare konservator ved Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Han har særs stor interesse for og eineståande kunnskapar om gamle gjenstandar, dekoren på dei og tradisjonane dei er knytte til.

 

Utgitt: November 2014

ISBN 9788283050080

Antall sider: 320

Format: 23,7 x 28,3 cm

Leveringstid: 2-5 virkedager

Innbinding: Innbundet

 

Presse

Sør-Trøndelag 15.01.16

Norsk husflid nr. 1/2015

Arbeidets Rett 10.12.14

http://anders.geekhouse.no/blog/beer/Drikkestell.html 03.12.15

Husflid.no 28.11.14

 

 



+


Museumsforlaget AS, Kjøpmannsgata 23, NO-7013 Trondheim
Telefon: (+47) 47 47 87 47. E-post: post@museumsforlaget.no

Webløsning: fagtrykk.no